Viktig informasjon

I denne artikkelen har vi samla viktig informasjon som er verdt å merke seg til Sjutoppsturen på Sandsøya langfredag. Her har vi spesifisert nokre ting om båttransporten, kiosk og kafé, konkurranseklassa, tidtaking for mosjonistar, og landevegsmarsjen.

Komplett informasjon er å finne på desse sidene (sjå også undersider i toppmenyen).

NB! Påmeldinga via EQ Timing stenger skjærtorsdag kl. 20. Dei som har meldt seg på her, kan gå direkte til «førehandspåmeldte» i sekretariatet fredag. Dei som vil melde seg på arrangementsdagen, må fylle ut registreringsskjema før betaling og utlevering av startnummer.

Dei som har vunne startkontingent gjennom Tussa, må fylle ut registreringsskjema, men slepp altså å betale før utlevering av startnummer.

Båttransport
Det går hurtigbåt frå ferjekaiene på Kvamsøya, Åram og Larsnes, til Sandshamn – og tilbake. Rettleiiande rutetider finn du her. Rutetabellen med informasjon heng også på dei ulike kaiene. Betaling for båttransporten skjer på kaia på Sandshamn, like ved start- og målområdet.

Eit dagspass for båttransport (altså tur-retur) kostar kr 100 for vaksne, kr 50 for born og maksimalt kr 250 for familie (foreldre + born). Aldersgrensa for born er dei som fyller 15 år i 2019.

Merk at det kun er mogleg å betale med Vipps eller kontantar (vi har kortterminal berre i sekretariatet/kiosken og i kaféen).

Vi forventar at det er mykje folk som vil ta båten. Då vil det truleg vere kø spesielt på Larsnes. Vi ber om at folk er tidleg ute (også for å finne parkering). Båten vil gå fleire turar dersom det er attståande passasjerar – rutetabellen er berre rettleiande.

Utsikt frå hurtigbåten mot Sandsøya.

Dersom det er så stor kø at ein ikkje vil få transportert alle passasjerane innan rimeleg tid, vil mannskapet på båten gje beskjed om eit visst antal passasjerar kan ta ferja i staden. I så fall vil vi hente desse med buss på ferjekaia på Sandsøya (Voksa). Desse passasjerane skal då ikkje betale for bussturen. Reisetida vil då vere ca. 40 minutt frå Larsnes til Sandshamn, men likevel kortare enn å vente i båtkøa.

Dette er mest aktuelt på ferjeavgangen frå Larsnes kl. 09.45. Tilsvarande vil det bli tilbod om busstransport tilbake til ferja på ettermiddagen/tidleg kveld. Det einaste som er sikkert, er at alle skal kome seg både fram og tilbake innan rimeleg tid!

Dei som køyrer eigen bil, skal parkere ved butikken eller fiskerihamna – følg skilting. Ikkje parker på betongplattingane ved fiskerihamna, men elles over alt. Dette er berre eit par hundre meter frå startområdet.

Kiosk i teltet, kafé på Fiskarheimen
Like ved dei gamle budene på Sandshamna er start- og målområdet. I teltet er det påmelding, målregistrering (utdeling av medaljar) og kiosk (brus, Kvikk Lunsj m.m). Målstreken for konkurranseklassa er like ved teltet. Premieutdelinga skal også vere her.

På Fiskarheimen vert det sal av middag (lapskaus og rjomegraut) og dessert. Her er det også toalett i kjellaren. Dette er ca. 200 meter frå teltet, like ved hovudvegen. Sjå kartet under. Det vil også vere plakatar (med blant anna dette kartet) og skilt i området.

Kart over start- og målområdet på Sandshamna.

Konkurranseklassa
I konkurranseklassa gjeld følgande reglar:

  • Det er ikkje lov å bruke stavar eller piggsko, med mindre arrangøren spesifikt tillét dette på grunn av spesielt utfordrande føreforhold.
  • Manglande registrering på toppane gir 1 minutt tillegg i tida per manglande topp.
  • Betydeleg innkorting av løypa (snarveg), gir eit tillegg i tida tilsvarande den tida vi meiner løparen har spart på snarvegen. Det skal rundast av oppover til nærmaste halve eller heile minutt. Dersom det er tvil om rekkefølgja på denne løparen og ein eller fleire andre (som sprang rett), skal vedkomande rangerast bak dei andre.
  • Løparane har sjølv ansvaret for å finne løypa, med hjelp av merking og tilgjengeleg/utdelt kart.
  • Det er sekretariatet, dei ansvarlege for tidtakinga, eller styret i Sandsøy Idrettslag som kan bestemme sanksjonar mot løparar som ikkje held seg innanfor regelverket.

Tidtaking i mosjonsklassa
Det har vore ønske om tidtaking for mosjonistar. Vi har ingen offisiell tidtaking her, men dei som ønsker det, kan skrive seg opp på ei liste i sekretariatet. Der må dei syte for å notere tida si etter målgang – ein må sjølv ta tida. Tidene vert synleg i deltakarlista i etterkant, i tilfeldig rekkjefølge.

Landevegsmarsjen
Deltakarar i Sandsøymarsjen, som går på landevegen rundt Vågen (6 km), får utdelt ein lapp som kan brukast til å svare på spørsmål på seks postar undervegs i løypa. Det vert trekt ut ein premie blant dei med rette svar.

Velkomen til oss!
Vi håper at alle som vurderer å ta turen til Sandsøya langfredag, gjer nettopp det. Det vil kunne bli ein del kø for å kome seg over fjorden utover, og vi ber om at folk er tolmodige! Når ein først er komen til Sandshamna, trur vi at det vil vere mindre kø og venting, fordi vi klarer å ta unna gruppene frå båten og eventuelt bussen, etter kvart.

Vi vil med dette ønskje alle deltakarar og gjestar elles velkomen til Sandsøya og Sjutoppsturen 2019!

Legg att eit svar