Vi ventar storinnrykk

Dei fleste har fått med seg at vêret verkeleg spelar på lag for tida, og vi kryssar fingrane for at det held seg gjennom heile påska. Med éi veke igjen til Sjutoppsturen 2019, begynner ting å kome på plass for arrangementet. Og vi rustar oss for storinnrykk på Sandsøya!

Under sidene til Sjutoppsturen skulle du finne all nødvendig informasjon om årets arrangement – også kontaktinformasjon dersom noko er uklart!

Det har i løpet av dei siste månadene tikka inn eit tjuetals påmeldingar gjennom påmeldingstenesten vår EQ Timing. I år skal vi for første gang bruke tidtakarsystemet som følger denne tenesten, i konkurranseklassa. Ein av fordelane med dette er at resultata skal kome på Internett fortløpande.

I tillegg har Tussa delt ut 100 påmeldingar til kundane sine – desse har altså fått startkontingenten betalt av Tussa. Men dei må sjølvsagt betale reisa sjølv.

Registreringa på toppane
Vi oppmodar alle som vil gjere påmeldinga si på Internett, om å gjere dette seinast onsdag. Dette gjeld spesielt konkurranseklassa. For mosjonsklassa og landevegsmarsjen kan ein like godt melde seg på i sekretariatet skjærtorsdag kl. 18-20 eller langfredag frå kl. 08, dersom ein ikkje har gjort det på nett innan onsdag. Det vil ikkje bli fullt i nokon av klassene.

Deltakarane i konkurranseklassa får i tillegg til startnummeret med tidtakingsbrikke også utdelt eit lite kort som skal berast gjennom løypa. På kvar topp skal ein bruke ei klippetang til å registrere toppen – klipp i feltet som er merka med nummeret til toppen.

Klippekortet og klippetanga som skal brukast på toppane.

Deltakarane i mosjonsklassa får eit større ark, med løypekartet på eine sida, og startnummer og eit tilsvarande klippefelt på den andre. Felles for begge klassene er at ein ved målregistrering viser fram dette klippefeltet for å få godkjent fullført tur og utdelt medalje.

Pokal vankar til sju
I høve tiårsjubileet i 2014 innførte vi pokal og diplom til dei som kvart år fullfører sin tiande tur. Hittil er det 15 personar som har runda Sjutoppsturen ti gongar. I år er det sju nye som har sjanse til å skaffe seg ein pokal og litt heider!

Kven som er i posisjon til å få pokal i år, kan du finne ut ved å sjekke adelskalenderen med oversikt over deltakarar.

Vi kjem med fleire presiseringar og yttarlegare informasjon i dagane før Sjutoppsturen 2019!

Legg att eit svar