Fotball igjen om nokre veker

Også i 2019-sesongen vil samarbeidslaget Kvamsøy/Sandsøy ta del i fotballserien på Sunnmøre. Jentelaget skal i år spele i 16-årsklassa. Før sommaren vert det sju kampar. To av desse skal spelast på Sandsøya.

Aller først er det serieopning på bortebane mot Bergsøy måndag 29. april. Éi veke seinare er det duka for heimekamp på Sandsøya mot Tjørvåg/Gurskøy – altså måndag 6. mai.

Den andre kampen på Sandsøya denne våren er planlagt måndag 3. juni, mot Volda/Folkestad 2.

Heile terminlista finn de her (trykk på teksten).

Legg att eit svar