Båtskyss på Sjutoppsturen

Langfredag 19. april vil det gå hurtigbåt til og frå Sandshamna i høve Sjutoppsturen 2019. Vi planlegg storinnrykk denne dagen, med hundrevis av deltakarar, så vi har også planar om å ha ein buss som naudløysing.

Oppdatering: Avgangen frå Sandshamna kl. 21.00 er teke bort, men vi tilbyr busstransport til ferja for dei som er igjen etter siste båtavgangen.

Det er Ambu som vil gå sjøvegen frå Kvamsøya, Åram og Larsnes, til Sandshamna – og seinare tilbake til dei same stadane. Båten vil ha ein kapasitet på ca. 60 passasjerar per time.

Sjå rutetabellen lenger nede, som mest truleg vil bli gjeldande. Denne skal til ei kvar tid vere oppdatert på sida http://sandsoyil.no/sjutoppsturen/reise-til-sandsoya/.

Vi ventar størst trafikk frå Larsnes. Turen derifrå til Sandshamna tek i underkant av ti minutt. Merk at nokre av avgangane betingar at folk møter opp seinast avgangen før – men så lenge det er attståande personar på kaia, vil båten gå fleire turar.

Båten vil legge til i kort gangavstand start- og målområdet på Sandshamna. På Kvamsøya, Åram og Larsnes legg den til like ved ferjekaia (direkte mot køyrebrua på Åram).

Prisen for transporten er 100 kr (vaksen) og 50 kr (born) per person tur-retur. Makspris for familie (foreldre + born) er 250 kr. Betaling vil truleg skje på kaia på Sandshamna.

Merk at det kun er mogleg å betale med Vipps eller kontantar (vi har kortterminal berre i sekretariatet/kiosken og i kaféen).


Til Sandshamn frå Kvamsøya, Åram og Larsnes:

Frå Kvamsøya  07.45  11.15*
Frå Åram  07.50  – 11.20
Frå Larsnes  08.00 09.00 10.00 11.30
Til Sandshamn  08.15 09.15 10.15 11.45
Frå Larsnes  08.30 09.30 10.30** 12.00
Til Sandshamn  08.45 09.45 10.45 12.15

Går også ekstrarunde(r) via Åram dersom det er attståande passasjerar der.


Frå Sandshamn til Kvamsøya, Åram og Larsnes:

Frå Sandshamn 14.30 16.00 17.30
Til Larsnes 14.45  16.15 17.45
Frå Sandshamn 15.00 17.00 18.00 18.45
 Til Larsnes 15.15 17.15 18.15 19.00
Til Åram 15.25 18.25 19.10
Til Kvamsøya 19.15

* Bestillingstur – ring Ambu på telefonnummer 916 43 550 seinast kl. 10.00.

** Oppmøte seinast avgangen før – båten går også fleire turar enn det som er oppsett, dersom attståande passasjerar.

Legg att eit svar