Større og fleire premiepengar

Dersom du deltek i konkurranseklassa på Sjutoppsturen 2019, vil det vere god sjanse for å få premie sjølv om du ikkje er blant dei aller raskaste. Samanlikna med i fjor har vi auka den totale pengepremiepotten med mange tusen kroner. Og her er det mellom anna 3 000 kr for løyperekordar i både herreklassa og i dameklassa.

Dei siste åra – eigentleg sidan medaljar vart bytta ut med kontantar for seks-sju år sidan – har premieringa i konkurranseklassa vore uendra. Hovudfokuset til Sjutoppsturen har vore heilt vanlege folk – både dei som spring og dei som går.

Slik er det framleis. Likevel har vi i år auka premiepengane. Men for å vise at vi set pris på, bokstaveleg tala, dei som ikkje nødvendigvis er aller raskast, vil dei seks beste i herreklassa og dameklassa få premie på langfredag i 2019.

I tillegg får kvar enkelt klassevinnar (maksimalt tolv) 200 kr. Og ikkje minst heng det 3 000 kr i gulrot for dei som vil prøve seg på løyperekordane i den 15 km lange og 1000 m «høge» løypa.

Etter 2018-utgåva er rekordane som følger:
Herrar: 01:22:37 Eirik Voksøy Bringsvor, Sandsøy IL (2018)
Damer: 01:45:26 Ingrid Festø, IL Gular (2018)

Meld deg på Sjutoppsturen her:
Førehandspåmelding via EQ Timing – trykk her.

Damepallen i 2017.

Den nye premieoversikta ser slik ut:
Herreklassa og dameklassa, uansett alder:
1. plass: 1 500 kr
2. plass: 1 200 kr
3. plass: 1 000 kr
4. plass: 600 kr
5. plass: 400 kr
6. plass: 200 kr

Kvar enkelt aldersklasse, begge kjønn:
1. plass: 200 kr

Løyperekord (separate rekordar for herre og dame):
3 000 kr

Fullstendig informasjon om premieringa finn du her:
http://sandsoyil.no/sjutoppsturen/premiering/ (trykk på teksten).

Tidtaking i mosjonsklassa
Etter tilbakemeldingar i fjor, vil vi legge til rette for registrering av tider også i mosjonsklassa. Dette er eit tilbod – ikkje slik at alle enten dei vil eller ikkje får «påskrive passet sitt» – kvar enkelt må aktivt sørge for at dei vert ført opp på lista.

Mosjonistar på veg ned frå Signalen i 2018.

Tidtakinga fungerer slik at der vert liggande ei liste i sekretariatet, der dei av mosjonsdeltakarane som ynskjer det, skriv opp namnet sitt og den tida dei brukte på Sjutoppsturen. Ein må altså syte for å ta tida sjølv.

Om ein ønskjer det, kan ein skrive opp kva tidspunkt personen starta, og så rekne ut totaltida når ein er komen rundt. Lista vert etterpå publisert i usortert stand. Det er ingen premiering for dei som er med på tidtakinga, anna enn uttrekkspremiane dei uansett er med i potten om, i mosjonsklassa.

Legg att eit svar