Litt ned, men kjempegreier!

Statistikken for trimbøkene på Sandsøya og Voksa i 2018 er fullført. Sjølv om det var ein liten nedgang i det totale besøkstalet på trimpostane, er det framleis rett ut imponerande den innsatsen som vert lagt ned av folket i fjell og fjøre!

Rekordåret 2016 hadde utrulege 14 912 signeringar fordelt på dei elleve trimbøkene på Sandsøya og Voksa. Fram til det året steig talet kvart år frå 2009, som er første året vi har sikre tal frå. Den gongen var det like over 5 000 besøk, fordelt på åtte bøker – i snitt 6-700 på kvar bok. Til samanlikning var det gjennomsnittleg over 1 300 besøk på kvar einaste trimpost i 2016. Altså ei dobling!

Så utviklinga har vore fenomenal. I 2018 var det totale besøkstalet 13 598. Framleis ein vanvittig aktivitet. I snitt over 1 200 per bok.

Verdt å merke seg er det at Rinden (høgste toppen på Sandsøya, og flest poeng i trimsummeringa) har hatt fleire besøk i 2018 enn dei seinaste åra. Øvst tronar likevel Sandslegene med 2 576 besøk.

Heile statistikken for trimbøkene finn de her (trykk på teksten).

Premiar vert utdelt på årsmøtet tysdag 5. mars på skulen kl. 18.30!

Legg att eit svar