Fellesturar i februar

Idrettslaget arrangerer fire fellesturar på Sandsøya mandagskveldane komande månad. Første tur går til Hellandsvågane 4. februar kl. 18.00.

Oppmøte er då på snuplassen ytst i Hellandsvågane. Det er valt turmål som passar for årstida og som vil passe dei aller fleste, både store og små, unge og vaksne.

Turprogrammet er slik:

  • Måndag 4. februar kl. 18: Hellandsvågane – oppmøte på snuplassen ytst i Hellandsvågane.
  • Måndag 11. februar kl. 18: Kleiveneset – oppmøte ved Coop Marked på Sandshamna.
  • Måndag 18. februar kl. 18: Sandslegene – oppmøte på snuplassen på Skarshaugen.
  • Måndag 25. februar kl. 18: Hellandsvågane – oppmøte på snuplassen ytst i Hellandsvågane.

Ta på deg kle etter vêr og vind, gode sko og refleksvest. Det er tillate å ta med hund i band. Alle er hjarteleg velkomne!

Legg att eit svar