Auka med 21

Treningsstudioet på klubbhuset til idrettslaget er framleis eit godt brukt tilbod, meir enn to heile år etter opninga. I 2018 var det totalt 784 besøkande. Det er ein auke på 21, frå 763 i 2017.

Vi har hatt følgjande besøkstal det siste året:

  • Januar: 52
  • Februar: 58
  • Mars: 72
  • April: 56
  • Mai: 100
  • Juni 60
  • Juli: 84
  • August: 65
  • September: 53
  • Oktober: 71
  • November: 58
  • Desember 55
  • Årstotal: 784

Tala er berre rettleiande. Eit besøk vert registrert når ein nøkkelbrikke vert brukt. Altså kan det av og til vere at fleire personar har gått inn i lag med nøkkelbrikke-eigaren. Det er sjølvsagt heilt i orden, gitt at alle desse personane har gyldige abonnement. Men dei kjem altså ikkje i statistikken.

Legg att eit svar