Gje gåvekort?

Påmeldinga til Sjutoppsturen 2019 opnar i dag 1. desember. Rammene for arrangementet langfredag 19. april neste år er bestemt, og vi jobbar med ein del detaljar som vil bli offentleggjort etter kvart. Men først og fremst kan du no kjøpe gåvekort som du kan gje til nokon du synest skal få oppleve våren sitt vakraste eventyr midt mellom Sunnmørsalpane og Stadhavet!

Gåvekortet er nytt av året. Trykk på denne lenkja for å kome til sida der du finn informasjon om korleis du kjøper gåvekort.

Elles er det oppdatert informasjon om sjølve arrangementet på sida for Sjutoppsturen, som du finn i toppmenyen, eller ved å trykke her.

Sjølv om detaljane ikkje er spikra, kan vi blant anna melde om at det i 2019-utgåva vert båtskyss til og frå Sandshamn, frå Åram, Kvamsøya og Larsnes. Båten vil legge til ved fiskerihamna, som er i gangavstand til start- og målområdet.

Legg att eit svar