Aktivitet på anlegget

Denne hausten har det vore fotballtreningar på grusbana i Oshaugane kvar fredagskveld, frå etter kampane i sesongen var ferdigspelt. Treningane har vore opne for både ungdom, unge vaksne, og eldre vaksne. Oppmøtet har vore relativt godt – normalt 8-10 personar, derav både jenter og gutar.

Treningane vil halde fram også i desember. Deretter vil det bli avgjort om tilbodet vil vere også neste år.

Tidspunktet er altså fredagar, kl. 19.00.

Oppmøtet har fordelt seg slik:

  • Fredag 28.9. – 12
  • Fredag 5.10. – 5
  • Fredag 12.10. – 10
  • Fredag 19.10. – 10
  • Fredag 26.10. – 12
  • Fredag 2.11. – 9
  • Fredag 9.11. – 7
  • Fredag 16.11. – 7
  • Fredag 23.11. – 7

Legg att eit svar