Andreplass for Kvamsøy/Sandsøy J14

Fotballjentene til samarbeidslaget Kvamsøy/Sandsøy J14 spelte måndag kveld den siste kampen for sesongen. Siger 4-1 på bortebane mot Mauseidvåg/Solevåg IL gav tre nye poeng i ein god haustsesong, men likevel var det ikkje nok til å tukte Langevåg 2, som stakk av med seriesigeren forrige helg.

Kvamsøy/Sandsøy endte altså som nummer to på tabellen, blant dei fem andre laga Langevåg 2, Larsnes, MSIL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy og Sæbø. Kampen om førsteplassen vart tilnærma avgjort på Kvamsøya laurdag for ei veke sidan, då det var seriefinale mellom oss og Langevåg. Gjestane viste seg å vere sterke, og vann kampen 3-2 etter å ha leia 3-0 før førsteomgangen var halvspelt.

Det skal seiast at det framleis var eit ørlite håp om at vi likevel kunne ta tilbake førsteplassen med ein kamp igjen av sesongen, men då Larsnes tapte bortekampen mot Langevåg forrige tysdag, var alt håp ute.

Men i måndag kveld gjorde jentene uansett ei verdig avslutning på sesongen. I heimekampen i september slo dei dagens motstandar MSIL 3-2. I kveld vart det ein klar siger, med 4-1 i målprotokollen på kunstgrasbana på Eikrem i Sula kommune.

Haustsesongen har vore god. På ti kampar har jentene vunne sju, tapt to, og spelt uavgjort éin gong. Det har gitt 22 poeng, eitt poeng bak Langevåg, og sju poeng framfor Larsnes på tredjeplass.

Vi kan sjå tilbake på nok ein sterk sesong av fotballjentene våre, som i mange år stort sett har gått frå siger til siger. Så får tida vise om det vert fotballkampar på Sandsøya og Kvamsøya også i 2019!

Legg att eit svar