Fotballtrening og ope treningsstudio

Utover hausten og vinteren er det planlagt fotballtrening for ungdom og vaksne fredagar kl. 19.00-20.30. Denne halvannan timen vil treningsstudioet også vere tilgjengeleg dersom folk vil treffast og vere i sosial aktivitet.

Treningsstudioet kan då brukast dersom du ikkje vil vere med på fotballen, eller for eksempel dersom du har ein liten skade som gjer at du ikkje kan vere med på fotballøkta ein gong eller to. Der er også ope for folk som ikkje har vore der før, og som har lyst til å sjå/prøve.

Vi prøver rett og slett å skape ein sosial og forpliktelsesfri møteplass!

Fotballtreninga er open for både gutar og jenter, og det er ingen øvre aldersgrense. Dei yngste bør vere over ti år. Øktene vil innehalde mykje fritt spel med leik og moro i fokus, men det vil også vere «litt skikkeleg».

Nøl ikkje med å bli med på desse aktivitetstilboda!

 

 

Legg att eit svar