Ny siger i siste kampen på Sandsøya

Kvamsøy/Sandsøy J14 er framleis på tabelltoppen når det står att tre kampar av sesongen 2018. I den siste heimekampen på Sandsøya onsdag kveld var det Sæbø som måtte gje tapt mot dei flinke jentene våre. Etter 5-0 til pause, vart det til slutt heimesiger 8-1.

Måla vart scora av Dina (2) og Juliane (6). Sistnemnde hadde ei lang rekkje langskot, og mange av desse traff blink. Men det flottaste målet kom etter flott spel, der fleire av jentene var involvert med først ei ballvinning, og så presise pasningar som til slutt endte med avslutning på ope mål.

Kåre Fjørtoft frå Gursken IL var dommar.

Vi ligg no på tabelltopp med 16 poeng på sju kampar. Langevåg 2 på andreplass har 13 poeng på seks kampar, så det er framleis ikkje avgjort. Laga møtest på Kvamsøya i nest siste serierunde laurdag 20. oktober.

Slo Larsnes i landsbyen
Søndag 23. september var vi på bortekamp mot Larsnes. Vi vann kampen 3-2. Det stod 3-0 til pause. Mot slutten vart det spennande etter at heimelaget fekk sine to mål.

 

Legg att eit svar