God hauststart for fotballjentene

Etter tre kampar av haustsesongen, er J14-laget atter ein gong på toppen av tabellen med sju poeng etter to sigrar og ein uavgjort kamp. Med andre ord har vi fått ein god start på siste del av fotballåret 2018.

Den uavgjorte kampen var mot Larsnes på Kvamsøya – den første kampen etter sommarpausen. Larsnes er no laget som ligg nærmast oss på tabellen, med sine fem poeng på tre kampar.

Oppgjeret endte 2-2, etter at vi leia 1-0 ved halv tid.

Veka etter var vi på besøk hos Sæbø. Der vart det storsiger, med 8-1 til oss. Sæbø ligg no sist på tabellen med eitt poeng.

Sist onsdag tok vi imot Tjørvåg/Moltu/Gurskøy på Oshaugane Stadion på Sandsøya. Ein god og underhaldande kamp endte med 3-0 til oss.

Framleis er det sju kampar igjen før sesongen er slutt. Ein av desse skal spelast på Sandsøya. Det er mot nemnte Sæbø den 26. september. Komande heimekamp er mot MSIL på Kvamsøya den 12. september. Aller først er det bortekamp mot Langevåg 2, førstkomande tysdag.

Legg att eit svar