Ute av Norway Cup

Turneringa enda dessverre i første sluttspelskamp for Kvamsøy/Sandsøy J14. Det vart eit klart tap 2-7 mot Eid frå Nordfjord onsdag ettermiddag. Meir om denne kampen, samt den siste i gruppespelet, seinare.

Oppdatert 3.8.

Siste kampen i gruppespelet, kampen om avansement til A-sluttspelet, gjekk heldigvis vår veg. Dina Støylen Ristesund er ei scoringsmaskin og endeleg lukkast det også for Juliane Voksøy Bringsvor etter eit par kampar utan mål.

Dina sendte oss i føringa etter kun 4 minutt med ein fin volley med venstrefoten etter ein corner. Dryge fem minutt etterpå dobla Juliane leiinga med eit merknadsverdig hardt skot, i alle fall i denne aldersklassa, frå 15 meter. Motstandar Lyn 2 halverte leiinga mot slutten av første omgang, men kom aldri nærare. Elleve minutt inne i andre omgang sette Dina spikaren i kista med sitt andre mål for dagen og sjuande totalt i turneringa. Ved full tid var resultatet 3-1 og det betydde at vi skulle spele 16.delsfinale dagen etter, klokka 13.15, mot Eid IL. Ein kamp som også vart vist på smp.no.

Sjå kampen i opptak her (for abonnentar).

Sluttspelskampen vart dessverre ikkje slik nokon med hjarte i Kvamsøy/Sandsøy håpte på. Spelarane kjempa til skadane tok dei. Både Emma Ristesund Beitveit og Margrete Kvamme Rusten måtte ut med skade i løpet av dei 40 minutta. Laget greidde å presse fram to mål, begge signert Dina Støylen Ristesund, noko som tok henne opp til ni mål i turneringa. Sluttresultatet vart 2-7 til Eid og etter kampen var alle spelarane tydeleg knuste. Eid var rett og slett eit betre fotballag enn oss denne dagen.

Eid gjekk for øvrig heilt til semifinalen, der dei tapte mot Blindheim, som dernest måtte sjå seg slått av Lyn 1 i finalen. I den andre semifinalen var Førde sitt lag, som vi tapte mot i gruppespelet.

Heile sluttspelstreet ser de her.

Alt i alt var Norway Cup eit minne for livet både for spelarane og publikum. Til tider leverte laget strålande bra fotball og alle spelarane bør vere stolte av det dei greidde å levere. Litt ekstra merksemd til keeper Ada Alexandra Brekke Olsen, som til tider var ein skikkeleg mur mellom stengene, og også til kaptein for turneringa, Juliane Voksøy Bringsvor, som gjennom heile Norway Cup sleit med sjukdomsproblem og var nære på å måtte kaste inn handkledet til siste gruppespelskampen. Med hjelp frå lagkameratane, dei i teamet rundt, og også andre lag på Årvoll skule, greidde ho også å fullføre. Alle saman kjempa for kvarandre og gjorde alle rundt dei veldig stolte over prestasjonane!

No rettast fokuset mot haustsesongen – vi gler oss!

Legg att eit svar