Siger og tap

Endeleg er Norway Cup-veka her og etter to spelte kampar ligg vi i rute. Så langt har det vorte ein siger og ein tap, og før siste kamp i gruppespelet ligg vi à poeng med siste motstandar Lyn. Vi har ein liten fordel inn mot kampen fordi vi kan klare oss med uavgjort.

Då snakkar vi om å gå vidare til A-sluttspelet, eller ikkje. Dei to beste laga i gruppa gjer det, medan dei to siste går til B-sluttspelet. Det skal også seiast at vi kan ende på både første og sisteplass i gruppa, alt etter resultatet i den andre kampen, men det er lite sannsynleg.

Vi skal uansett spele minst ein kamp etter gruppespelet som vert avslutta tysdag kveld. Det er 16.delsfinale enten kl. 09.00 (B) eller kl. 13.15 (A) onsdag.

Første kampen hadde laget ganske god kontroll på, men dette kunne vore heilt annleis. I første omgang sløste jentene med sjansane, men heldigvis skapte ikkje Fyresdal noko særleg og vi gjekk til pause med ei 1-0 leiing. Målet kom etter eit innkast som keeper fomla inn i eiget mål.

I andre omgang lausna det seg betrakteleg. 2-0 kom signert Dina Støylen Ristesund under eit minutt ut i omgangen. Ballen blei spelt gjennom og ho sette den utakbart til venstre for keeper. Berre nokon få minutt etter kom 3-0, denne gangen etter corner. Corneren blei svinga inn frå venstre og med pannebrasken støytte Margrete Kvamme Rusten ballen kontant bak ein sjanselaus Fyresdal-keeper. No hadde vi full kontroll, og det verka som at lufta hadde drege ut av Fyresdal-ballongen for godt. Under minuttet etter 3-0 kom det fjerde, igjen signert Dina Støylen Ristesund. Dette må vere kampens finaste mål! Dina ventar forsvararen ut, tek ein nydeleg touch med utsida av venstre fot rundt motstandaren og set ballen kontrollert i mål.

Etter dette slokna tenninga i kampen meir og meir. Forståeleg nok i det heite sommarvêret på Ekebergsletta, men jentene var ikkje ferdig der. Dryge fem minutt før slutt set lånespelar til Norway Cup, Sofie Kvamme Knutsen, inn 5-0 og på overtid av kampen legg Dina Støylen Ristesund glasuren på kaka med si 6-0 scoring. Dette var dermed Dina si tredje scoring og ho tek dermed med seg matchballen heim, slik det blir sagt, med sitt hattrick. Alt i alt var 6-0 eit rettferdig resultat i ein kamp vi hadde veldig god kontroll og ikkje slapp motstandarane til i det heile.

Andre kamp mot Førde vart ei heilt annan historie. Laget verka ikkje heilt skrudd på og Førde fekk tidleg si første scoring. Dei gjekk også opp til både 2 og 3-0. Desse måla kom etter slurv i dei bakre rekkjer og var rett og slett to gåvepakker. Mot slutten av omgangen tente derimot Dina Støylen Ristesund håpet om poeng med to kjappe scoringar. Med dette er ho oppe på fem mål i turneringa.

Håpet vart ganske raskt slokna og kort sagt var Førde ein god del betre enn oss denne dagen, og tok ein fortent 6-2 siger.

Avansementet er som sagt framleis i våre hender og vi kryssar fingrane for at resultatet går vår veg på Valle Hovin i kveld!

Legg att eit svar