Norway Cup om tolv dagar

Eit tiår etter siste deltaking i verdas største fotballturnering, skal Sandsøy IL på ny bli representert. Vi stiller med vårt einaste gjenverande lag, til årets Norway Cup. Det er J14-laget, saman med Kvamsøy IL. Det heile brakar laust søndag 29. juli – om tolv dagar.

Jentene kjem frå ein god vårsesong, der serien vart vunne med sju sigrar og berre eit tap, tre poeng framom Vigra på andreplass. Sjølvtilliten vil altså vere høg, og stemninga i gruppa på topp.

I dei innleiande kampane er motstandarane Førde IL, Fyresdal IL 2 og Lyn Fotball 2. Først ut er Fyresdal søndag 29. juli kl. 11.00, på Ekeberg bane 20. Fyresdal sin sesong så langt har vore relativt mykje dårlegare enn vår. Dei spelar ein serie som strekk seg over heile sesongen. Etter vårkampane ligg dei på ein fjerdeplass i en serie med seks lag. Dette skal vere eit lag våre jenter kan ha god sjanse til å hamle opp med.

Måndag 30. juli kl. 10.00 er Førde motstandar på Valle Hovin bane 5. Det er ei litt vanskelegare nøtt å knekkje når det kjem til kva lag som vert ståande på motsett banehalvdel. I seriespelet stilte Førde med to lag i deira avdeling. Eine laget vann avdelinga på målforskjell framom Gaular og Kyrkjebø som alle hadde same poengsum. For det andre laget var historia ei heilt anna. Dei hamna på jumboplassen i avdelinga og makta ikkje å ta eit einaste poeng. Alt i alt blir nok dette ein hardare kamp enn den førre, men det er sånne lag som må verte slått for å kome langt i turneringa.

I siste gruppespelkamp, tysdag 31. juli 18.30 på Valle Hovin bane 6, er Lyn laget jentene må bryne seg på. Dette er, på lik linje med Fyresdal, eit av to lag klubben stiller med i denne klassa. Dette er eit enda vanskelegare lag å finne info om. Lyn hadde tre forskjellige J14-lag med i vårserien, der to av dei var 11-arlag. Dette kan vere ein fordel for våre jenter.

Alt i alt er dette ei tøff gruppe som kan verte veldig jamn og vil vere ein god indikasjon på kvar ståa er med tanke på vidare spel i turneringa. Om jentene vert blant dei to beste, går ferda vidare til A-sluttspelet, medan ei tredje- eller fjerdeplassering vil gi plass i B-sluttspelet. Vi kryssar fingrane og teller ned i spenning til cupstart!

Legg att eit svar