Oppdatering om fjelløparane

Etter det vanvittige rekordløpet til Eirik Voksøy Bringsvor på Sjutoppsturen heime på Sandsøya i påska, har konkurransesesongen ikkje utarta seg etter håp og forventningar for verken han eller onkelen Anders Bringsvor. Her er ei oppdatering av resultata hittil i 2018.

Det skal likevel seiast at Anders har prestert to tredjeplassar i aldersklassa si (40-44 og 40-49). Det var på Stadlandet Rett Vest og på Blåfelden Rett Opp – dette er også dei to einaste løpa han har delteke i, om vi ser vekk ifrå Sjutoppsturen.

Eirik har slite med sjukdom og tilbakeslag sidan slutten av april. Dermed har den gode påskeforma fordufta, og han har måtte ta til takke med relativt beskjedne plasseringar i sine to deltakingar.

Sandsøy Idrettslag har vore representert på desse konkurransane:

  • Stadlandet Rett Vest, Dragseidet/Ervika 26. mai:
    Anders Bringsvor (1:13:52) – nr. 17 totalt – nr. 3 i M 40-49.
    Kondis sin reportasje.
  • Båfelden Rett Opp, Syvde 2. juni:
    Eirik Voksøy Bringsvor (47:09) – nr. 7 totalt – nr.  3 i M 23-34.
    Anders Bringsvor (54:36) – nr. 30 totalt – nr. 3 i M 40-44.
    Kondis sin reportasje.
  • Varden Opp, Langevåg 16. juni:
    Eirik Voksøy Bringsvor (47:21) – nr. 11 totalt – nr. 3 i M 23-39.
    Kondis sin reportasje.

Så får vi håpe at det lausnar for våre deltakarar i resten av sesongen!

Legg att eit svar