Storsiger og tabelltopp!

Kvamsøy/Sandsøy J14 var hakket kvassare og bikka marginane i sin favør mot MSIL i fotballkampen på Oshaugane Stadion onsdag kveld. Sluttresultatet 5-0 tyder på ein større dominans enn det som faktisk var tilfelle, men uansett var det ikkje tilfeldig at dei tre poenga vart igjen på søre luten også denne gongen!

MSIL var absolutt ikkje eit særleg dårlegare lag enn Kvamsøy/Sandsøy, i utgangspunktet. Men dei er sjølvsagt ikkje vande med å spele på grus, slik at det spelte nok ei rolle – slik som det gjer i dei fleste kampane på Sandsøya i nyare tid.

Stillinga til pause var 1-0. Førsteomgangen var nokså jamn, med eit overtak til heimelaget i visse perioder. Utover i andreomgangen vart gjestane litt frustrerte, då dei ikkje lukkast i å score på nokon av dei store sjansane dei fekk framfor mål. På tilsvarande sjansar der MSIL ikkje makta å setje ballen i mål, lukkast derimot Kvamsøy/Sandsøy å få ballen i nota.

Dette var ein solid siger for jentelaget vårt, som no ligg på toppen av tabellen med 15 poeng av 18 moglege på seks kampar.

Neste kamp er borte mot andreplasserte Godøy GOGI komande onsdag 13. juni. Dei har 12 poeng etter sine fem spelte kampar, så dette oppgjeret vert avgjerande for kven som til slutt endar på førsteplass. Siste heimekamp før sommarpausen er deretter mot Vigra laurdag 16. juni på Kvamsøya.

Legg att eit svar