Turen til Dollsteinhola i morgon søndag er avlyst. Vi prøver igjen seinare i år!
Månadsarki: juni 2018
Oppdatering om fjelløparane
Etter det vanvittige rekordløpet til Eirik Voksøy Bringsvor på Sjutoppsturen heime på Sandsøya i påska, har konkurransesesongen ikkje utarta seg etter håp og forventningar for verken han eller onkelen Anders Bringsvor. Her er ei oppdatering av resultata hittil i 2018.
Storsiger og tabelltopp!
Kvamsøy/Sandsøy J14 var hakket kvassare og bikka marginane i sin favør mot MSIL i fotballkampen på Oshaugane Stadion onsdag kveld. Sluttresultatet 5-0 tyder på ein større dominans enn det som faktisk var tilfelle, men uansett var det ikkje tilfeldig at dei tre poenga vart igjen på søre luten også denne gongen!
Familietur til Dollsteinhola
Idrettslaget inviterer bygdefolket til å bli med på familietur til Dollsteinhola søndag 24. juni. Turen startar frå Skare kl. 11.00. Det vert grilling i fjøra ved Dollsteinen. Dei som ynskjer det, kan i tillegg bli med på guida tur ned i sjølve hola! Ta kontakt med Anne Bjørg Bringsvor (telefon 971 58 911) viss du har spørsmål om turen.