«Fotballkveld» laurdag

Vi prøver å gjenskape suksessen, og vidarefører konseptet «fotballkveld», som vart arrangert både i fjor og tidlegare år. Allereie komande laurdag, den 19. mai, kan store og små bli med og spele fotball på Oshaugane Stadion. Vi startar litt seinare enn vanleg, klokka 20.30.

For dei som ikkje kjenner til konseptet, er det slik at kven som helst kan møte opp og vise at ein vil vere med, og så deler vi opp i minimum to lag. Så spelar vi så lange og så mange kampar som deltakarane sjølv ønskjer. Det er altså ingen påmelding.

Vel møtt til ein sosial og aktiv aften!

Legg att eit svar