Storsiger 10-2

Kvamsøy/Sandsøy J14 sesongdebuterte med storsiger heime på Oshaugane Stadion mot Valldal laurdag. Jentene gav seg ikkje før dei hadde putta ballen i mål ti gongar, og Valldal måtte reise den lange vegen heim att med eit åttemålstap bagasjen.

Dette var ein flott kamp av heimelaget. Gjestane var rett nok godt med i kampen til tider, men alt-i-alt var det ikkje ufortent at det vart såpass store siffer i målprotokollen. Men det kunne sett annleis ut.

Begge laga hadde sine sjansar, og som vi ser på biletet under, hadde Valldal i alle fall éitt stort høve til å score fleire enn dei to som dei hadde til slutt.

Det er Valldal som har blå drakter, forresten.

Stor sjanse til Valldal, men heimelaget fekk ballen unna til slutt.

Utover i andreomgang vart det meir og meir sikkert at alle tre poenga kom til å bli igjen i heimegarderoba denne gongen.

Kvamsøy/Sandsøy spelte tidvis flott kombinasjonsspel, og scora fleire flotte mål. Nokre etter innlegg og med avslutning fra kort hald, og nokre frå lang distanse. I videoen nedanfor ser du eitt av måla.

Vi kan dessutan melde om at Kvamsøy/Sandsøy J14 – vårt einaste fotballag i år – skal delta i Norway Cup i sommar. Som mange sikkert veit, er dette ei stor internasjonal fotballturnering, med omtrent 2000 deltakarlag, som i år vert arrangert 28. juli til 4. august, i Oslo.

Vi gleder oss til å følge med når den tid kjem!

Men før det er det fleire seriekampar. Onsdag 9. mai er det lokaloppgjer mot Larsnes, når vi reiser til Landsbyen for å kjempe om heider, ære, og tre nye poeng.

Oppdatering søndag 29. april: Valldal slo forresten Larsnes 3-2 på veg heim igjen i går.

Legg att eit svar