Mange sterke tider

Konkurranseklassa i 2018 må reknast som ei av dei med aller høgast nivå i Sjutoppsturen si tretten år lange historie. Sju nye personar klarte meisterstykket å fullføre under to timar, og mange sette nye personlege rekordar. Her kan du sjå oppdatert oversikt for «totimersklubben».

Trykk her: Totimersklubben, oppdatert 2. april 2018.

Det er no 33 personar som har klart å bikke under to timar i den 15 kilometer lange løypa, som har 1000 høgdemeter både opp og ned. Tre damer og 30 herrar. Det skal også nemnast at Mia og Marita Merlid berre var 18 sekund frå å bli nummer 34 og 35 – imponerande også dét!

Den aller første som klarte det, var Joar Moldskred i 2009, med den gong mektige 1:42:50. Også Ingar Støyle Bringsvor (01:55:00) og Sigbjørn Emblem (01:55:40) var under to timar det året.

Sidan har fleire vore med på å bryte grenser. No er løyperekorden altså på 1:22:37. Eirik Voksøy Bringsvor er i tillegg den einaste til å bryte 1:30:00-grensa. Det har han klart to gongar (1:29:41 i 2016).

Rekorden er nesten ein heil time betre enn den «dårlegaste» vinnartida, sidan den offisielle tidtakinga starta i 2007. I nordaust kuling, djupsnø og fokk vann Petter Kragset på tida 2:17:00 i 2008.

Den første vinnartida, i 2007, var det Ingar Støyle Bringsvor som stod for. Det var 2:09:00. Kven kan slå dét, lurte vi på den gongen…

Fullstendig resultatliste: Resultatliste konkurranseklasse 2018

Esther Innselset vart tredje dame gjennom historia til å kome under den magiske totimersgrensa.

 

Legg att eit svar