Heilt utruleg!

Det er nesten ikkje til å tru. Nok ein gong klarte vi det. Nok ein gong vart det ein enorm folkefest. Nok ein gong går Sjutoppsturen over i historiebøkene som den mest fantastiske av dei alle. Og det på så mange vis!

Ferja vart full denne gongen. Bortimot hundre menneske vart ståande att på Larsnes ved 09.45-avgangen. Om lag hundre er også talet på auken frå i fjor, i deltakartal. Nok ein gong vart det deltakarrekord.

Og det kan vi takke vêrgudane for – eller kven det no er som styrer dette… Slik har vi hatt det i omtrent i to månader i strekk. Dermed vart løypene tørre og harde. Dagen derpå viser det knapt at det har vore over 600 par føter ute og trakka, opp og ned, opp og ned.

Det har vore kaldt i lufta denne vinteren og våren. Også langfredag. Men sola som skein frå klar himmel gjorde at den reelle temperaturen for både mosjonistar og løparar vart heilt perfekt.

549+42+65=656
I 2017 var den nye deltakarrekorden i Sjutoppsturen-arrangementet 556. Dette fordelt på mosjonsklassa, Sandsøymarsjen rundt Vågen, og konkurranseklassa. I år var det nøyaktig 100 fleire registrerte turfolk i naturen på Sandsøya langfredag. Det nye talet er altså 656.

På Sandsøya er det på ein god dag 250 velsigna fastbuande…

Kollen-stemning ved Rosenlund
Denne gongen hadde vi rigga til med musikk og speakerteneste i start- og målområdet. Dette skapte fin stemning saman med eit engasjert publikum som hylla ein etter ein av konkurranseløparane som sprang over målstreken.

Det var omtrent som i Holmenkollen.

Drikkestasjonen ved Dollstun.

Også dei som gjekk i mosjonsklassa fekk heiarop då dei kom til målområdet.

Løyperekord i begge klasser
Raskast av dei alle var nok ein gong Eirik Voksøy Bringsvor. Vår eigen grensesprengande fjell-regent. For femte gong. På rad. Den første under 1:30:00, i 2016. Framleis den einaste under 1:30:00. I 2018 på majestetiske 1:22:37.

1:22:37.

Det var mange som forbetra sine personlege bestetider denne gongen. I dameklassa vart det også ny solid løyperekord. Ingrid Festø vart med tida 1:45:26 den andre, etter Jenny Gåsø Schefte i 2016, som klarte meisterstykket å fullføre Sjutoppsturen på under to timar. Den gamle damerekorden var sterke 1:51:29.

Eirik Voksøy Bringsvor i tet frå første meter. Deretter (frå venstre) Marcus Megrund, Lars Åkernes Rimereit og «halvt sandsøying» Knut Sindre Mølmen. Nummer 255 Sandra Renathe Åsebø.

Også andre beste kvinne, Esther Innselset, braut totimersgrensa, medan Mia og Marita Merlid delte tredjeplassen 17 små sekund over to timar.

Sterke tider
Marcus Megrund på 1:30:37, som andre herre, var nøyaktig åtte minutt bak vinnartida. Men likevel er dette den tredje beste tida nokon gong, etter Eirik sine rekordar, i 2016 på 1:29:41.

1:30:37 er ein fantastisk prestasjon.

Tredjemann vart Lars Åkernes Rimereit på 1:32:36, også det ei av dei aller beste prestasjonane gjennom tidene.

Sjå liste for «Totimersklubben», når den er oppdatert.

Også blant dei yngre løparane var det sterke tider, noko som tyder på at nivået blir bra også i åra som kjem. Dessutan er det gledeleg at stadig nye løparar tek turen for å prøve dei berømte sju toppane.

Det kan ved første augekast sjå ut som ei «lett» løype, men det viser seg stadig at mange får hammaren mot slutten av den 15 kilometer lange turen, som på fleire måtar kan seiast å vere ei himmelsk berg-og-dal-bane…

PS! Det skal nemnast at dei hundre som stod igjen på Larsnes, relativt raskt blei henta med passasjerbåten «Ambu» som stilte opp på kort varsel og redda dagen for arrangøren!

Fantastisk skue frå Rinden.

Legg att eit svar