Dette blir bra!

Vi trur det nesten ikkje sjølve, det vi har sett både i levande live og på vêrvarslinga dei siste dagane. Sjutoppsturen 2018 ser ut til å bli den flottaste av dei alle – alt ligg til rette for tidenes oppleving for dei som vel å tilbringe langfredag i lag med oss!

Ja, vi har trykt på knappen for «detaljert» vêrvarsel på biletet under. Då brukar skydekket å vise øvst på grafikken. Yr melder sol. Kun sol.

Vêrvarsel 48 timar for Sandshamn.

Vi opplever stort engansjement rundt arrangementet vårt. Det er absolutt grunn til å tru at det kjem mykje folk til Sandsøya langfredag. Difor oppmodar vi alle til å vere tolmodige, og vere tidleg ute. Både ferje og buss vil kunne bli fulle, så vis omsyn til kvarandre!

Arrangørstaben er klar til å ta imot kvar og ein av dykk. Likevel vil det kunne bli kø – vi vil gjere vårt beste for å få det til å gå knirkefritt. Ved registrering skal ein først fylle ut eit skjema for kvar enkelt deltakar. Deretter går ein vidare til betaling, og til slutt får ein utdelt startnummer og kart. Mosjonistane kan begynne Sjutoppsturen så snart dette er i orden! Fellesstart for konkurranseløparane kl. 13.

«Ja, vi har trykt på knappen for «detaljert» vêrvarsel. Yr melder sol. Kun sol.»

For dei som køyrer eigen bil, ber vi om at ein følger tilvisingane frå parkeringsvaktene våre. Vi ønsker å ha færrast mogleg bilar like ved start og mål-området – her er dei få tilgjengelege plassane sett av til funksjonærar, og standen til Selje Sport og Fritid.

Det skal også vere ledig plass der bussen skal stå ved av- og påstiging. Og han skal ha plass å snu. Vi ønsker at flest mogleg av personbilane parkerer ved butikken og på fiskerihamna. Dei lokalkjende, kan gjerne parkere til dømes ved småbåthamna, lenger syd, i retning Mikkelholmen.

Sandsøymarsjen går på landevegen rundt naturreservatet i Sandsvågen. Det gjer forsåvidt Sjutoppsturen også, men i litt vidare perspektiv!

Frå løypene kan vi melde om fantastiske forhold. Regnvêret forrige helg gjorde at det meste av snøen over Rinden og Signalen smelta. No har det igjen frose litt på – minusgrader og klarvêr om nettene – men det er berre på veldig enkeltvise punkt at det er reint is.

Elles er det fast og fint underlag. Dei lågaste delane, der det er mest tilsig av vatn, er framleis litt blaute. Men det tørkar godt opp i løpet av dagane når sola står på – og det gjer ho i så godt som heile løypa.

Kaféen inne i restauranten på Rosenlund opnar kl. 11.30, og byd på rømmegraut, lapskaus, kaker, chips, Kvikk Lunsj og meir. I målområdet blir det eit yrande liv med både spreke folk, musikk, og speakerteneste med informasjon om det som skjer. Ta gjerne turen sjølv om du ikkje kan eller vil gå på tur.

Vi ønsker alle interesserte hjarteleg velkomne til Sandsøya!

Riste til venstre, Rinden og Grøntua i midten og til høgre, sett frå brua på Voksevegen.

Legg att eit svar