Sju dagar til Sjutoppsturen

Det nærmar seg langfredag med stormsteg, og heldigvis ser det lovande ut også med tanke på vêrmeldingane. Løypene er i dag ein god del betre enn under Sjutoppsturen dei siste åra, så vi kryssar fingrane for at tilhøva held seg gjennom den komande veka. Og viss du er ein av dei som er i posisjon til å hente pokalen for 10 fullførte utgåver, er det berre å spikre turen til Sandsøya med ein gong!

Yr melder torsdag 22. mars lite eller ingen nedbør heilt fram til og med langfredag. Temperaturane ser ut til framleis å vere relativt låge, men det ser til gjengjeld bra ut når det kjem til vind, og sjanse for solskin.

Langtidsvarsel for Sandshamn, henta frå Yr.no 22.03.18.

Opplegget vert omtrent som før. Busstransport Voksa-Sandshamn (tur/retur) for 50 kr per person, og maksimalt 150 kr for familie med to vaksne pluss born. Vi forsøker også å effektivisere registreringa ved start. Vi har to kortterminalar, vi har Vipps, og tek sjølvsagt imot kontantar.

Vi oppmodar dei som vil gå landevegsmarsjen, til å ta del i rebusen med oppgåver som er plassert langs vegen rundt Vågen! Det vert i tillegg uttrekkspremiar på startnummer.

Pokal og diplom til dei som har fullført 10 utgåver av Sjutoppsturen.

I år er det heile ni personar som er i posisjon til å skaffe seg den foreløpig eksklusive pokalen for 10 fullførte turar i Sjutoppsturen si historie. Sjekk adelskalenderen om du er ein av dei!

Pass på å vere til stades under premieutdelinga som startar klokka 15.30, for å ta imot pokal og diplom dersom du fullfører også i år.

PS. Sjekk videoen før Sjutoppsturen 2018 på hendinga si side på Facebook (trykk her) for inspirasjon.

Videoen nedanfor er ein liten del av den nemnte filmen på Facebook. På grunn av maksgrense for opplastingsstorleik, kan vi dessverre ikkje legge ut den lange versjonen her på heimesida.

 

Legg att eit svar