Bli med på Sjutoppsturen!

Så er det berre tre veker att til Sjutoppsturen 2018. Vi er godt i gang med førebuingane, og vi trur og håper at vi kan gje dei besøkande den beste opplevinga nokon gong! Dei siste vekene har vi vore velsigna med stabilt og tørt vêr, så mange er allereie godt i gang med å bruke den fantastiske naturen vår – og vi har plass til enda fleire!

All nødvendig informasjon om årets arrangement er å finne på sidene om Sjutoppsturen.

Sjå også hendinga si side på Facebook.

Det vil også i år vere busstransport frå ferjekaia til start- og målområdet. Vi oppmodar alle til å nytte dette tilbodet. Prisen er 50 kroner for tur/retur. For dei som kjem med ferja frå Larsnes, kan det vere utfordring med parkering nær ferjekaia der – så set av god tid så de rekk ferja!

Nytt av året er rebusoppgåver i løypa for Sandsøymarsjen, som går på landevegen rundt Vågen. Her kan ein svare på spørsmål av ulik sort, og vere med i trekning av ein premie.

Sidene under «Sjutoppsturen» i toppmenyen her på sida er stadig under utvikling og oppdatering. Sjå til dømes «Overnatting» og «Historia om Sjutoppsturen».

Vi har også oppretta ei fane med tilbakeblikk på alle dei føregåande utgåvene av Sjutoppsturen, sidan den første i 2005. Dette finn du på sandsoyil.no/sjutoppsturen/tidlegare-ar.

Vi oppmodar alle som har høve til å nytte seg av tilbodet om førehandspåmelding, enten på e-post eller i sekretariatet ved Rosenlund skjærtorsdag. Sjå sandsoyil.no/sjutoppsturen/pamelding.

Her kan de lese meir om fjorårets arrangement:
Dagen med stor «D» (sandsoyil.no)
Fantastisk! (sandsoyil.no)
Strålende sol og deltakerrekord (kondis.no)
Bilete i fotoalbumet vårt.

Løypene er allereie stort sett is- og snøfrie. Biletet under er frå første veka i mars.

Dollsteinen og Hellandsvågane sett frå Hellandsfjellet, med Stadhavet i bakgrunnen.

Ein tanke om “Bli med på Sjutoppsturen!”

Legg att eit svar