Årsmøte 26. februar

Årsmøte i Sandsøy Idrettslag er måndag 26. februar kl. 18.00, på skulen. Saksliste og saksdokument vert publisert her på nettsida éi veke før. Saker frå medlemmer må meldast inn til Anne Bjørg Bringsvor på telefon 971 58 911, eller til post@sandsoyil.no.

Sakslista er foreløpig slik:

  1. Godkjenning av innkalling, saksliste og dei stemmeføre.
  2. Val av ordstyrar, referent og to personar til å underskrive referatet.
  3. Medlemskontingent.
  4. Årsmelding.
  5. Rekneskap.
  6. Godkjenning av lov
  7. Innkomne saker.
  8. Budsjett.
  9. Val.
  10. Eventuelt.

Saksdokument med skildring om sakene og innstilling frå styret, kjem 19. februar. Allereie no kan du setje deg inn i punkt nummer 6. Årsmøtet skal ta stilling til den nye lovnorma som er bestemt av idrettsforbundet – sjå den her.

Det vert også utdeling av trimpremiar for 2017, under årsmøtet.

Vel møtt!

Legg att eit svar