Juliane på krinslaget!

Juliane Voksøy Bringsvor (13) er utteken til Sunnmøre Fotballkrets sitt J14-krinslag som består av dei beste og/eller ivrigaste spelarane i regionen! Ho går no ei spennande tid i møte, med treningar og kampar.

Juliane har i alle år representert Sandsøy IL, og gjer det framleis. Dei siste åra har ho spelt på samarbeidslaget som vi har hatt med Kvamsøy.

Krinslaget er eit ekstratiltak i tillegg til den ordinære klubbsesongen.

Les meir om tiltaket her.

Legg att eit svar