Nok eit fantastisk trimår

Oppteljing av trimbøkene for 2017 viser at folket på Sandsøya og Voksa er svært aktive ute i naturen! Trass i ein ørliten nedgang frå 2016, vart det i fjor registrert smått utrulege 13 913 besøk fordelt på dei elleve postane.

Året før var talet 14 912. Det er også rekord gjennom alle tider. Deltakinga i Sjutoppturen må vi også ha i bakhovudet. Her var det fleire i 2017 enn i 2016, så dermed er skilnaden resten av året endå større i favør 2016.

Så skal det også nemnast at det var fleire regnvêrsdagar i 2017 enn året før. Og så kan det vere at opninga av treningsstudioet har hatt noko å seie.

 

Dei som har oppnådd 300, 500 eller 1000 poeng, får merksemd i form av bronse-, sølv- og gullmerke. Denne gongen er fordelinga slik:

  • Gull (minimum 1000 poeng): 10 personar
  • Sølv (500-999 poeng): 9 personar
  • Bronse (300-499 poeng): 11 personar

 

Desse har vore flest gongar på dei elleve ulike postane:

  • Rinden (10 p): Anders Bringsvor – 220
  • Dollsteinen (7 p): Øyvind Vorren – 89
  • Grøntua (5 p): Eirik Voksøy Bringsvor – 95
  • Kletten (4 p): Petter Toftesund – 312
  • Sandslegene (4 p): Erling Strømsnes – 258
  • Kulen (3 p): Oddrun Vorren – 311
  • Hellandsfjellet (3 p): Helene Helland – 180
  • Trollhola (3 p): Reidar Baade – 47
  • Kleiveneset (3 p): Olav A. Våge – 54
  • Hellandsvågane (2 p): Helene Helland – 101
  • Voksehaugen (2 p): Sylvia Baade og Torbjørn Baade – 254

 

Alle born under 16 år som har oppnådd ein viss poengsum eller har vore på alle postane, får premie.

Les meir om trimtilbodet her: http://sandsoyil.no/trim/trimtilbodet/

Legg att eit svar