Årsmøte i Sandsøy Idrettslag er måndag 26. februar kl. 18.00, på skulen. Saksliste og saksdokument vert publisert her på nettsida éi veke før. Saker frå medlemmer må meldast inn til Anne Bjørg Bringsvor på telefon 971 58 911, eller til post@sandsoyil.no.
Månadsarki: januar 2018
Bli med på Sjutoppsturen!
No har vi starta både førebuingane og nedtellinga til langfredag og Sjutoppsturen 2018. Med to månader igjen til årets hending på Sandsøya, den 30. mars, er det berre å krysse av på kalenderen, og leite fram fjellskoa!
Juliane på krinslaget!
Juliane Voksøy Bringsvor (13) er utteken til Sunnmøre Fotballkrets sitt J14-krinslag som består av dei beste og/eller ivrigaste spelarane i regionen! Ho går no ei spennande tid i møte, med treningar og kampar.
Nok eit fantastisk trimår
Oppteljing av trimbøkene for 2017 viser at folket på Sandsøya og Voksa er svært aktive ute i naturen! Trass i ein ørliten nedgang frå 2016, vart det i fjor registrert smått utrulege 13 913 besøk fordelt på dei elleve postane.
763
Det er talet på registrerte besøk ved treningsstudioet vårt i 2017. Etter oppteljing ved midnatt i går kveld, har vi følgjande besøkstal dei siste tolv månadane: