Fornying av abonnement

Vi sender i desse dagar ut betalingskrav om fornying av abonnement ved treningsstudioet. Alle som har oppgitt epost-adresse vil få tilsendt faktura her. Dersom nokon har fått ny adresse, eller ikkje har mottatt fakturaen, ønsker vi at dei tek kontakt med oss.

Det vert ikkje sendt ut purring, så dei som ikkje har betalt innan fristen, vil få sin nøkkelbrikke stengt.

Dersom nokon som tidlegare har fått utdelt nøkkelbrikke – men ikkje har betalt for abonnementet sitt – igjen vil ha tilgang, må dei ta kontakt for å få reaktivert sine stengde brikker.

Dette gjeld blant anna nokre av dei som teikna halvårsabonnement for eitt år sidan. Betalingskrav om fornying vart sendt ut i juni i år. Dei som ikkje betalte då, har no fått sine brikker stengt.

Nye abonnentar må sjølvsagt gjerne ta kontakt!

Det er også mogleg å få tilgang i til dømes ei eller to veker – for eksempel no i jula. Ved slike korttidsabonnement får ein oppgitt betalingsinformasjon og ei kode til ytterdøra på SMS.

Meir informasjon her: http://sandsoyil.no/treningsstudio/

Spørsmål kan rettast til Eirik Voksøy Bringsvor (tlf. 994 22 824).

Legg att eit svar