Juliane på Team Søre-kampar

Juliane Voksøy Bringsvor (f. 2004) har denne hausten vore med på fotballtreningar i regi av Sunnmøre Fotballkrins, i den såkalla Team Søre-gruppa. Det er eit lag med dei mest ambisiøse spelarane frå klubbane på Søre Sunnmøre. Dei har også spelt to kampar mot tilsvarande lag frå andre delar av fylket.

Første kampen var mot Kristiansund på Høddvoll laurdag 11. november. Team Søre vann 3-2 etter 0-2 ved pause.

Laurdag 18. november var det kamp mot Molde på Vestnes. Det vart uavgjort 3-3.

Onsdag 6. desember er siste kampen, då mot Ålesund på Høddvoll.

Over nyttår er alle fire laga samla til turnering inne i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. Deretter er det uttak til krinslaget, der spelarar frå «Ålesund» og «Team Søre» konkurrerer om plassane på laget til Sunnmøre Fotballkrins.

Les meir om utviklingsmodellen her.

Legg att eit svar