Siger også i siste kampen

Onsdag kveld spelte Sandsøy/Kvamsøy J14 siste seriekampen for i år. Det var på bortebane mot Hasundgot, og kampen endte 3-2 til oss! Desse tre poenga gjer at Sandsøy/Kvamsøy tek andreplassen på tabellen, med 16 poeng på åtte kampar i haust.

Stillinga til pause var 1-0 til Sandsøy/Kvamsøy. I andre omgang vart det etter kvart 2-2, før vi avgjorde kampen med det siste målet.

På dei åtte haustkampane har Sandsøy/Kvamsøy J14 vunne fem, spelt ein uavgjort, og tapt to. Alle dei fire heimekampane vart vunne. Laget har skora 29 mål, og slept inn 18.

Det er Hødd 2 som endar på toppen av tabellen. Dei har 18 poeng og 46-28 når det gjeld mål for og imot.

Legg att eit svar