Revansjesiger mot Hødd 2

Sandsøy/Kvamsøy J14 slo laurdag Hødd 2 med 5-3 på heimebane på Kvamsøya. Med ein seriekamp igjen av sesongen, ligg jentene våre på andreplass, berre to poeng bak laget frå Ulsteinvik.

Dette vart ein god revansje for oss etter det knepne 4-3-tapet på Høddvoll tidlegare i haust.

Stillinga til pause denne gongen var 1-1, men i andre omgang var det Sandsøy/Kvamsøy som tilkjempa seg overtaket, og til slutt stod igjen med flest mål i protokollen.

Hødd 2 toppar framleis tabellen med sine 15 poeng, og har full sjanse til å behalde den posisjonen. Dei møter tabelljumbo Larsnes i sin siste kamp.

Våre jenter reiser til bortekamp mot Hasundgot komande onsdag. Med poengdeling eller siger er andreplassen sikra. Med tap vil nettopp Hasundgot ta over andreplassen.

Sjå tabellen: J14.07 3.divisjon avdeling B haust

Legg att eit svar