Tony på Østremsetra

Laurdag ettermiddag deltok Tony Stian Våge i motbakkeløpet Østremsetra Opp. Løpet gjekk frå Emblemsanden og opp på Emblemsfjellet, i Ålesund kommune, og overskotet av påmeldingspengane går til årets TV-aksjon.

Tony sprang på tida 34:03, og kom med det på 51.plass av 63 fullførte herrar. I aldersklassa M 23-34 gav det ein 16.plass av 17.

Løpet går for det meste på grusveg, og er om lag 5,5 kilometer langt. Stigninga er totalt 350 meter.

Andreas Vangsnes frå Ålesund Friidrettsklubb vann med tida 25:08.

Sjå Kondis sin reportasje.

Legg att eit svar