Uavgjort på Larsnes

Måndag kveld spelte J14-laga Larsnes og Sandsøy/Kvamsøy returoppgjeret i haustserien. På Oshaugane Stadion i slutten av august vart det som kjent 4-1 til heimelaget. Denne gongen fekk landsbyjentene ein slags revansje i form av 1-1.

Til pause var stillinga 0-1, men i andre omgang klarte altså heimelaget å utlikne. Dermed vart det poengdeling.

Sandsøy/Kvamsøy sin neste kamp – som er årets nest siste – er laurdag 21. oktober mot serieleiar Hødd 2, på Kvamsøya. Deretter er det bortekamp mot Hasundgot onsdag 25. oktober.

Hasundgot har berre denne kampen igjen for sin del, og ligg med sju spelte kampar på andreplass med tolv poeng. Sandsøy/Kvamsøy har ti poeng etter sine seks kampar. Altså har vi sjansen til å klatre opp til andreplass.

Det kan skje slik:

  1. Vi vinn mot både Hødd 2 og Hasundgot.
  2. Vi taper mot Hødd 2 og vinn mot Hasundgot.
  3. Vi vinn mot Hødd 2 og spelar uavgjort mot Hasundgot.
  4. Vi spelar uavgjort mot Hødd 2 og vinn mot Hasundgot.
  5. Vi spelar uavgjort mot både Hødd 2 og Hasundgot.

Vi kan i teorien også gå forbi Hødd 2 på tabelltoppen, men då må vi vinne begge kampane, samtidig som Hødd 2 taper alle sine tre gjenståande kampar.

 

 

Legg att eit svar