Fjelløp også i haust

Sidan siste omtale, etter Skåla Opp i midten av august, har det vore nokre løpskonkurransar der Sandsøy Idrettslag har hatt folk på startstreken. Seinast i dag laurdag var Eirik Voksøy Bringsvor raskast av alle frå Måløy sentrum og til toppen av Veten!

Motbakkeløpet Veten Opp er eit arrangement i regi av Måløy Treningssenter, og er ein del av Rosa Sløyfe-aksjonen.

Toppen av fjellet Veten er 615 meter over havet. Løypa er 3,2 km lang. I dag var altså Eirik Voksøy Bringsvor først opp bakkane. Tida hans var 27:29.

Anders Bringsvor var også med, og fullførte på tida 32:40. Det er eit par minutt treigare enn i fjor – og då var det i tillegg mykje vind. Plasseringa er førebels ikkje offentleggjort.

Anders på veg opp Torvløysa 1851 m.o.h., i Norddal. Foto: Helge Fuglseth / Kondis

Tidlegare denne månaden var han også med på den aller første utgåva av «1815OppNed» i Norddal, eit fjelløp opp til toppen av Torvløysa 1815 meter over havet – og ned att. Med sine totalt 24 lengdekilometer er dette altså eit svært krevjande løp!

Anders klokka inn på tida 4:34:18, og vart nummer sju av elleve deltakarar i klasse M 40+.

Heimesida til 1851OppNed | Resultatliste | Kondis sin reportasje

Same dagen var Eirik Voksøy Bringsvor med eit anna løp som vart arrangert for første gong. Det var Saksaløpet frå Urke ved Hjørundfjorden. Høgdeskilnad 1000 meter, lengd 4 kilometer.

Han vart nummer seks med tida 47:22, nesten tre minutt bak vinnaren. Det var også fjerde beste tid i klasse M 23-34.

Biletet øvst i denne artikkelen er frå Nosakleiva i Randabygda i Stryn kommune, der motbakkeløpet Kleiva Opp gjekk av stabelen første søndagen i september. Eirik er avbilda i det han går i mål til siger!

Dette løpet er eit av dei lengstlevande motbakkeløpa i landet. I år var det 26. utgåva! Løypa er 7 kilometer lang, og har ei stigning på 600 høgdemeter. Eirik vann dette løpet også i 2015 – då med ei nesten 1,5 minutt betre tid enn i år (34:21 kontra 35:49).

Altså har vi dei siste vekene fått to nye sigrar i løpskonkurransar, og idrettslaget og Sandsøya er stadig representert rundt om i distriktet!

No er sesongen snart slutt, men framleis er det eit par alternativ for dei løpsglade bringsvoringane (og andre), så vi får sjå om det dukkar opp nye prestasjonar også i løpet av dei komande vekene!

Legg att eit svar