I siste sekund

Det vart ein akkurat så jamn kamp som vi trudde på førehand, onsdagskvelden på Oshaugane Stadion. Utgangspunktet var at laga hadde like mange poeng etter like mange kampar denne haustsesongen, då Sandsøy/Kvamsøy J14 møtte Ørsta under strøkne vêr- og føreforhold. Og i siste sekund var det heimelaget som kunne juble!

Begge laga hadde seks poeng på fire kampar før dei møttest for andre gong på litt over ein månad. I augustoppgjeret var det Ørsta som på heimebane kapra alle tre poenga etter ein jamn kamp og 3-2.

Men denne gongen skulle det bli andre bollar!

Likevel var det Ørsta som tok leiinga 1-0 tidleg i førsteomgang. Stort sett var det også dei som stod for pasningsspelet i kampen. Heimelaget var også frampå fleire gongar, men avslutningane vart for upresise. Tidvis var skota også frå så stor avstand til målet, at det sjeldan vart farleg.

Fram mot pause var kampbiletet likedan. Eigentleg fullt fortent at det stod 0-1 ved halv tid.

Målsjanse i andre omgang.

Ikkje mange minutt etter kvilen var det derimot balanse i målprotokollen. Sandsøy/Kvamsøy fekk meir kontroll på ballen og kampen etter dette, men etter ei stund såg momentumet ut til å ha forsvunne.

For då vart det igjen mange langskot utan særleg håp om nettsus. Tidlegare i omgangen var sjansane inne i straffefeltet, fordi vi klarte å spele oss lenger framover. Tidvis var det ein del godt spel å sjå!

Det avgjerande augeblikket.

Men alle langskota skulle til slutt betale seg. Med berre eit minutt igjen på klokka vart det fyrt av frå om lag 15 meter. Ballen gjekk i mål, og utløyste stor jubel både blant heimelaget og publikum, som det forøvrig var møtt opp 25 av.

Tilsvarande skuffelse var det sjølvsagt i Ørsta-laget. Og dei hadde forsåvidt grunn til å vere litt skuffa, for det kunne nesten like gjerne vore dei som vann kampen.

Dermed held Sandsøy/Kvamsøy sin andreplass på tabellen, no med tre poeng forsprang til Ørsta og Hasundgot. Hødd 2 har full pott på fem kampar, og har seks poeng ned til oss med sine 15 poeng.

Det står igjen tre kampar i årets sesong. Neste for vår del er returoppgjeret mot Larsnes onsdag om ei veke på kunstgraset ved Breidablikk.

Nedanfor kan du sjå to videoarsnuttar frå kampen mot Ørsta.

 

Legg att eit svar