Siste på Sandsøya

I morgon onsdag 20. september klokka 18.50 er siste heimekampen på Sandsøya for J14-laget for i år, når dei tek i mot Ørsta til det som truleg vert eit tett og jamt oppgjer. Laga ligg nemleg à poeng på tabellen etter halvspelt haustserie, med Sandsøy/Kvamsøy øvst på grunn av målskilnad!

Laga møttest også i den første haustkampen, og då var det heimelaget Ørsta som tok med seg alle tre poenga etter 3-2-siger. Dermed er det duka for at våre jenter vil revansjere seg denne gongen.

Etter fire av åtte haustseriekampar ser tabellen slik ut:
1. Hødd 2, 12 plussmål, 12 poeng.
2. Sandsøy/Kvamsøy, 7 plussmål, 6 poeng.
3. Ørsta, 3 plussmål, 6 poeng.
4. Hasundgot, 7 minusmål, 6 poeng.
5. Larsnes, 15 minusmål, 0 poeng.

Link til fullstendig tabell.

Sandsøy/Kvamsøy kjem frå ein god kamp sist veke, då dei slo Hasundgot heile 9-3 på heimebane på Kvamsøya. Ørsta på si side slo Larsnes overlegent 9-0 i sin hittil siste kamp, for to veker sidan. Til samanlikning hugsar vi at landsby-laget tapte 4-1 her på Sandsøya i slutten av august.

Kampstart er altså klokka 18.50. Det er gode vêrmeldingar, så her er det all grunn til å møte opp og sjå den høgst spennande kampen!

Legg att eit svar