Røddalshornet Opp

Gurskøy Idrettslag inviterer oss til Leikongeidet søndag 17. september, der dei arrangerer motbakkeløpet Røddalshornet Opp og rebusløp i lysløypa for dei yngste.

Vi har fått følgjande informasjon:

Vil med dette invitere til vårt motbakkeløp «Røddalshornet opp» søndag 17. september med start ved Lysløypa på Leikongeidet! Vi har i år som før, ei trimklasse «Pust og Pes», utan tidtaking, der vi trekker premier blant alle startande, og konkurranseklassa «Peis På» der dei tre fyrste i alle klasser får premie.

Klasser: Dame & Herre, Jenter & Gutar under 16 år. Hjarteleg velkomne skal de vere!

Legg att eit svar