Siger i lokaloppgjeret

Endeleg er jentelaget vårt tilbake på vinnarsporet! Onsdag kveld slo Sandsøy/Kvamsøy J14 til med sin første trepoengar på åtte kampar, då Larsnes vart slått med 4-1 på Oshaugane Stadion.

Det var perfekt spelevêr denne kvelden. Ein liten bris heldt knotten på trygg avstand frå dei 40 tilskodarane som hadde møtt opp for å sjå det spennande lokaloppgjeret. Utover i andre omgang kika også kveldssola fram og laga ei ekstra flott ramme.

Laga spelar denne hausten i ei av 3.divisjonsavdelingane i jenter 14-serien for sjuarfotball. Våre jenter deltok i vårsesongen i 2.divisjon, men rykte ned etter berre ein vunne kamp (i serieopninga).

Larsnes-laget spelte i 3.divisjon også i vår (laga melder seg på det nivået dei sjølv vil). Der endte dei på andreplass med 15 poeng på åtte kampar, og held dermed fram i denne divisjonen.

Sandsøy/Kvamsøy spelte kamp også måndag denne veka, då mot Ørsta i Kiwihallen der inne. Her vart det eit knepent 3-2-tap.

Larsnes har forøvrig slått dette Ørsta-laget to gongar tidlegare i år.

Jamnt, men vi skora
Dermed var det vanskeleg å føreseie korleis denne kampen skulle gå. Første omgang var slett ikkje særleg velspelt, men likevel viste det seg ganske kjapt at det var heimelaget som hadde mest inne denne gongen!

På den strøkne grusbana gjekk Sandsøy/Kvamsøy opp til 2-0 før det førsteomgangen var halvspelt. Det andre målet kom raskt etter det første, som var spesielt flott ved at det kom etter eit innlegg.

Resten av omgangen gjekk omtrent som første delen, berre at det ikkje vart fleire mål. Det var lite pasningsspel, og få målsjansar, men derimot mange duellar og feilpasningar rundt midten av bana.

Meir langs grusen
Nokre minutt ut i andre omgang fekk publikum sjå nok eit praktfull mål av heimelaget. Det var eit langskot frå om lag 15 meter som gjekk høgt oppe i den eine sida av målet, og stillinga var altså 3-0!

Store delar av andre omgang fekk vi sjå meir spel langs bakken enn i før pause. Sandsøy/Kvamsøy bytta ut lange, ukontrollerte og høge ballar med fleire gode og presise pasningar langs grusen. Det var gledeleg å sjå. Og det gav også resultat.

Før Larsnes fekk eit trøstemål heilt på slutten, gjekk heimelaget opp til 4-0, og fjerna all spenning som kunne vere igjen. Dette målet kan du sjå video av i vindauget under her.

På to kampar i haustsesongen står Sandsøy/Kvamsøy J14 altså med tre poeng, og ligg på andreplass på tabellen, bak Hødd 2. Neste kamp er onsdag 6. september på bortebane mot nettopp Hødd.

For heimepublikumet på Sandsøya, er returoppgjeret mot Ørsta onsdag 20. september neste og siste sjanse til å sjå jentelaget i år.

Bilder frå kampen kan du sjå i fotoalbumet.

Legg att eit svar