Nummer 27 og 136 av 756

Landets største motbakkeløp når det gjeld omdømme og deltakartal, Skåla Opp i Loen, gjekk i dag laurdag av stabelen med to bringsvoringar på startstreken.

Og dei gjorde nok ein gong respektable prestasjonar i sine respektive aldersklasser.

Eirik Voksøy Bringsvor forbetra den personlege rekorden sin med nokså nøyaktig to minutt, og fullførte som nummer 27 i herreklassa med totalt 756 løparar. Det er den beste plasseringa til Eirik i dette løpet på hans fire deltakingar.

Vi kan også nemne at han vart slått av vinnaren i dameklassa. Eirik kom forøvrig på 16.plass i aldersklassa M23-34, og der var det med 180 deltakarar.

– Dette var forsåvidt ein god prestasjon. Eg følte meg bra før løpet og fram til siste tredjedelen, men då kjende eg at det mangla litt for å klare ei endå betre sluttid. Dei siste 20 minutta vart eg passert av 5-6 løparar, så det var ikkje eit perfekt løp frå mi side – berre nesten!

Det seier Eirik om sin eigen prestasjon. Tida hans vart 1:26:56. Til samanlikning var vinnartida til Stian Angermund-Vik 1:10:10, altså nesten 17 minutt betre…

Litt lenger bak i leksa kom Anders Bringsvor, som i dag sleit med kroppen, i følgje han sjølv.

– I dag fekk eg store problem med føtene. Av den grunn var det vanskeleg å få opp farta skikkeleg.

Sluttida hans vart 1:42:35, noko som heldt til 136.plass totalt i herreklassa, og 20.plass av 113 i M40-44. Dette var over elleve minutt bak den personlege rekorden til Anders, som er frå 2014.

Skåla Opp si heimeside.

Komplette resultatlister.

Legg att eit svar