På Mefjellet og Troda – Skåla neste

Sidan Kvasshovden Opp (NM-status) i midten av juli, har to av våre fjelløparar delteke på kvar sin konkurranse dei siste vekene. Til helga er det Skåla Opp i Loen – og der er over 1000 andre påmelde i konkurranseklassa.

La Sportiva Skåla 1848 meter Rett Opp, som er det fulle namnet, er det motbakkeløpet i Noreg med best startfelt, og vert laurdag arrangert for 16. gong.

Både Eirik Voksøy Bringsvor og Anders Bringsvor er påmeldt, og skal jakte sine personlege rekordar. Dei er høvesvis 1:28:49 (2015) og 1:31:01 (2014).

Dette vert fjerde deltaking i Skåla Opp for Eirik, og sjette gong for Anders. Begge var der for første gong i 2012.

Mefjellet og Troda
Dei siste vekene har den løpsglade duoen vore med på kvar sitt løp, etter deltakinga i NM i Ulvik og Kvasshovden Opp den 15. juli.

Den 23. juli var Eirik i Valldalen/Fjørå og Mefjellet Opp. Der vart det sjetteplass og solid personleg rekord – om lag fem minutt betre enn i 2013.

Forrige helg, laurdag 12. august, var Anders med på Troda Opp frå Davik i Bremanger. Han var halvanna minutt bak persen frå i fjor, og endte på fjerdeplass. Det skal nemnast at det var svært vått!

Vi ønsker i alle fall begge lukke til med å springe i kø til Skålatårnet!

PS. Biletet er frå Mefjellet søndag 23. juli.

Legg att eit svar