Haustkampane klare

Fotball: Om nøyaktig to veker startar J14-laget haustsesongen med bortekamp mot Ørsta onsdag 16. august. Heile oppsettet er no klart, og det skal etter planen spelast tre fotballkampar på Oshaugane Stadion denne hausten!

Den første av desse tre er onsdag 23. august, når landsbylaget Larsnes kjem på besøk. Deretter er det Hasundgot sin tur onsdag 13. september, før Ørsta får prøve grusen vår sju dagar seinare.

Heile kampoppsettet kan du sjå her.

Dei andre laga jentene våre skal spele mot denne hausten er Hødd 2 og Moltustranda. Det er sett opp både heimekamp og bortekamp mot kvart lag. Altså skal alle spele totalt ti kampar.

Siste runde er onsdag 25. oktober. Då skal Sandsøy/Kvamsøy møte Hasundgot på bortebane.

Sandsøy/Kvamsøy J14 er eit sjuarlag med 13-14-15 år gamle jenter frå både Sandsøya og Kvamsøya.

Vi presiserer at det fort kan verte endringar – følg med på oppsettet som du finn i den tidlegare nemnte linken.

Legg att eit svar