Blå trøyer på NM

I dag vart noregsmeisterskapet i motbakkeløp arrangert som ein del av Kvasshovden Opp i Ulvik i Hardanger. Der gjorde to stykk Bringsvor ein flott innsats med sine blå Sandsøy-trøyer!

Høvesvis elleve og 17 minutt bak den suverene herrevinnaren Johan Bugge (frå Eidsvåg i Romsdal) kom Eirik Voksøy Bringsvor og Anders Bringsvor i mål på toppen av Kvasshovden, 1030 meter over havet.

Løypa er 7,5 kilometer lang, og startar i Ulvik sentrum, 10 meter over Hardangerfjorden. Dette var tiande gongen løpet har vore arrangert, og hadde denne gongen altså NM-status i tillegg.

Det kan også nemnast at det også var femte og siste løpet i Noregscupen i motbakkeløp denne sesongen. Så her var dei fleste av dei beste motbakkeløparane i landet samla!

Komplette resultatlister – trykk her.

Eirik kom på 22.plass totalt blant alle herrane med tida 58:22. Det heldt til 13.plass av 33 i klasse M23-34.

Det var 120 startande herreløparar.

Anders Bringsvor vart nummer seks av 14 i M40-44, og nummer 58 totalt. Tida hans var 1:05:02.

Sjå NRK Hordaland sin artikkel frå løpet her.

Sandsøy IL gratulerer Eirik og Anders med sterke resultat og flott representasjon av oss!

Legg att eit svar