Løpsdeltaking siste månaden

Sandsøy Idrettslag er stadig representert på løpskonkurransar, nær sagt kvar som helst i landet. Den siste månaden, sidan siste oppdatering etter Blåfelden Rett Opp og Birkebeinerløpet, har våre utøvarar vore i aksjon nesten kvar helg.

Seinast i dag var det Vetenløpet i Bremanger; frå Grotlesanden til toppen av Veten 527 meter over havet rett utanfor.

Eirik Voksøy Bringsvor, som har prestert fleire gode resultat siste tida, vart nummer fire i herreklassa (nummer tre i klasse M 23-34), og forbetra sin personlege rekord frå 2015 med meir enn halvanna minutt.

Dei tre som var raskare enn Eirik, er Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, Joel Dyrhovden og Sondre Øvre-Helland. Alle tre er godt kjende i motbakkemiljøet, og har vunne mange andre løp tidlegare. Så dette var ein god prestasjon av vår mann!

Anders Bringsvor har også fått sving på sakene siste vekene, og sprang denne gongen inn til 14. plass av dei totalt 60 herrane som starta løpet (58 fullførte). Tida hans var omtrent minuttet dårlegare enn den personlege rekorden, men etter ein litt tung sesong i år var dette positivt!

Komplette resultatlister her.

Den siste månaden har Eirik og Anders også vore med på desse løpa:

Laurdag 10. juni var førstnemnde med på Hovlandsnuten Opp i Sauda i Rogaland. Her vart det 14.plass totalt og femteplass i klasse M 20-24.

Dette var forøvrig same dag som Tony Stian Våge sprang Birkebeinerløpet, noko som vart omtala i eigen artikkel like etter.

14 dagar seinare var Ørsta Fjellmaraton på programmet. Eirik og Anders sprang her halvmaratondistansen (21,1 kilometer). Eirik var raskast av samtlige i tillegg til å setje løyperekord, medan Anders kom eit stykke bak, på 17.plass.

Anders Bringsvor på Ørsta Fjellmaraton (foto: Baastian van der Werve).

Forrige helg var Anders på Vågåmo i Ottadalen laurdag og sprang Blåhø Opp, der han vart nummer ni totalt, og best i klasse M 40-44!

Søndag var det Eirik som var på Nordfjordeid og Trollenykjen Opp. Han var tredje raskast både totalt og i si aldersklasse.

Eirik Voksøy Bringsvor på Trollenykjen Opp (foto: Martin Hauge-Nilsen).

Altså har Sandsøy Idrettslag vore både høgt og lågt mange ulike stadar også i år!

Komande helg reiser Anders og Eirik  til Ulvik i Hardanger for å delta i løpet Kvasshovden Opp, som i år har status som noregsmeisterskap i motbakkeløp. Det blir spennande å sjå kva dei kan få til både totalt og i sine respektive aldersklasser!

Legg att eit svar