Vellukka fotballkveld

Det var om lag 20 deltakarar i aksjon på bana då vi arrangerte fotballkveld på Oshaugane Stadion forrige fredag. I tillegg vart det 40 tilskodarar som kosa seg med grillmat og god drikke i det flotte sommarvêret!

Fredagen var kanskje den varmaste hittil denne sommaren. Like før start skya det imidlertid delvis over, slik at det blei hakket kjølegare. Dermed var det duka for ein flott fredagskveld med fotball og frendskap i fokus!

Bana var strøken, og ein liten trekk samt tidvise solframkik sytte for å halde knotten vekke. Derimot var det mange små fotballentusiastar som møtte opp.

Blant dei 20 deltakande var over halvparten under 15 år. Dei over 30 år kunne vi telje på ei hand, medan det var enda færre der i mellom.

Det vart delt opp i to jamne lag, og spelt totalt fem omgangar à 10-12 minutt.

I pausane fekk dei aktive hjelpe publikum med å ete både hamburger, pølse med brød, vafler og meir til.

 

Ein tanke om “Vellukka fotballkveld”

Legg att eit svar