Tennisbane

Vi har fått ordna til ei tennisbane på grusen i Oshaugane. Denne bana vil vere tilgjengeleg utover sommaren, i alle fall til og med midten av august!

Kven som helst kan bruke bana.  Der står ein kost og ei jernrive i innerhjørnet utvendig på klubbhuset som kan brukast til å jamne underlaget viss det er nødvendig. Det er også mulig å få låne racketar og ballar – ta i så fall kontakt med Eirik Voksøy Bringsvor (994 22 824).

NB! Det skal ikkje spelast fotball eller brukast fotballsko på denne bana!

Legg att eit svar