Sisteplass i 2.divisjon

Fotball: Sandsøy/Kvamsøy J14 spelte denne veka sine to siste kampar før sommarpausen. Etter tap i begge, endte laget sist på tabellen for vårsesongen.

Begge kampane var på bortebane. Måndag var det mot Ravn i Haram kommune. Her vart heimelaget for sterke, og vann 6-1.

Onsdag var det Hareid som var vertskap. Også her vart det tap, og såpass mykje som 10-0. Vi har ikkje fått rapportar frå nokon av kampane, så det er vanskeleg å seie korleis laget presterte.

Uansett førte desse to resultata til at laget endar på åttande og sisteplass i andredivisjonsavdelinga si. Det vart med den eine sigeren på sju kampar. Det var attpåtil i første runde, mot Langevåg Blå – som tok åtte poeng etter det.

Sandsøy/Kvamsøy scora færrast mål (20) av alle laga i avdelinga, og slapp inn flest (50).

Det er MSIL, som våre jenter forøvrig spelte relativt jamnt mot i Oshaugane i mai (4-6), som tok førsteplassen med 18 av 21 moglege poeng.

Til hausten er det blanke ark og truleg nokre nye motstandarlag for Sandsøy/Kvamsøy J14.

Legg att eit svar